victoriamilan-topp-banner
noveller-korsetternoveller - fallen01noveller-magic-massagernoveller-viproom

Minnerik fisketur

Det vesle fjellvatnet låg der blenkjande i kveldssola ein stad langt utanom
allfarveg. Eit lite vinddrag frå aust laga små krusingar på vassyta så ho
minna om hamra sølv. Berre eit og anna vak frå den feite fjellauren i vatnet
braut stilla. To fiskar vart det på ei eftasstund med flugestanga. No låg
dei og spraka i den kolsvarte panna over bålet. Kveldsmåltidet var fortært i
same augneblink som sola kvarv bakom fjellranda. Snart var det på tide å
krypa i soveposen inni teltet, sett opp på ei grasslette inntil ein stor
steinblokk eit steinkast frå vassbredda. Søvnen kom hastig til ein trøtt
kropp, og bringa minnet inn i draumeland.

I morgongryet samstundes med at dei fyrste solstrålane fann teltduken, vakna
eg av rungande lattertrillar og lyden frå plaskande vatn som kom utanfrå.
Snøgg som lynet etter bråvakninga, smatt eg ut or posen og opna eit lite
tittehol i teltet med glidelåsen. Milde himmel! Eg kunne knapt tru det synet
som openberra seg rett nedanfor meg! To huldrejenter med langt bølgjande hår
til halvt nedpå ryggen, ei myrk og ei ljos, sprettande rundt splitter nakne
til knes i det krystallklåre vatnet. Var eg framleis i ein draum?

Eg vart sitjande som fjetra, og sjå på desse vakre skapningane som leika og
morgonbada nedpå grusstranda. Brått vart eg var den eine av dei strekte ut
armen og peikte rett mot meg og teltet! "Sjå der, eit telt!" ropa ho ut.
Fyrst no var eg oppdaga. Tusen tankar for rundt i hovudet mitt; kva skulle
eg gjera? Reint instinktivt handla eg som strutsen. Kasta meg berre ned og
gøymde skalle og kropp som best eg kunne under soveposen. Nett som den iltre
lyden frå opning av glidelås skar i øyro. Og inn i teltet velta dei båe to.
Famla med hendene, ei greip tak om ankelen min og ei anna hand tok tak i
soveposen og kasta han opp i lufta. "Ai, ein staut gut, nett kva vi saknar
no!" remja den ljoshåra og kasta eit blikk på den mørke med eit lurt smil
omkring munnen. "Kva heiter du? Eg er June" sa den mørke med ei djup,
klangfull røyst. "Tormod" rakk eg så vidt å stotra fram, før hendene deira
byrja stryka meg på legger og lår. "Jannike er meg. Så koseleg å treffa på
andre menneske her i øydemarka då!" sa den ljosblonde, og bøygde seg
framover mot meg med overkroppen. Brysta hennar var velfylte og faste,
strutta opp og ut og var ein aning ljosare i hudfarga enn elles. Vortene var
allereie harde idet ho pressa eine brystet mot munnen min og spurte om eg
var tørst. "Vær så god, forsyn deg!" sa ho med latterfull, ljos stemme.

Med håret hennar som krans kring andletet, smakte eg på puppen hennar og
ånda inn dufta av kvinne! Å, så herleg! Eg hadde nesten gløymt kva ei kvinne
var. Så lenge var det sidan eg hadde hatt samkvem med ei. No forsynte eg meg
grådig, saug heile vorta inn i munnen og beit lett i knoppen. Eg høyrde
Jannike stønna varsamt, medan ho strauk med dei mjuke handflatene baki
nakken min. Ho trakk brystet til seg og gav med det andre. "Sug!"
kommanderte ho.
June konsentrerte seg om hoftepartiet mitt. Kjende fingrane hennar innanfor
trusekanten, stasen var på veg opp no! Blodpumpa auka stendig frekvensen og
bles liv i heile kroppen som snart berre strutta av kåtleik. No kjende eg
kor ho reiv og sleit i underbuksa mi, for å få henne av, mest så ho vart
spjerra. Brått tok ei varm hand fast grep om den stive staven, og byrja gni
opp og ned. Noko varmt, glatt og vått kjendest på tuppen. Det var som om det
rann nedover medan det tok med seg forhuda og kledde av hovudet på
veslekaren.

Jannike var visst nøgd med handsaminga av brysta. No kraup ho opp til
hovudet mitt, vende seg halvt rundt mot venninna og lyfte eine foten over på
andre sida av ansiktet mitt. "No får du visa kva du dug til!" sa ho bestemt,
og senka hoftene ned over meg. No hadde eg panoramautsikt til hennar aller
heilagste stader. Håra var like ljose i skrittet som elles på henne. Over
hårkrullane opna spalta seg og eg fekk ein glytt inn mellom fuktige,
glansfylte, oppsvulma og rosa lepper. Kjønnet osa av kvinneduft, noko som
indikerte at ho var ferdig oppvarma. Eg strakk ut tunga og møtte knoppen
hennar med spissen. Kroppen hennar rykte til i same augneblink, medan ein
syrleg smak breidde seg utover tunga mi. Ho pressa underlivet stendig
hardare mot meg, som om fitta hennar ville ete meg opp og sluka meg heil og
rå, og gnukka fram og attende i jamn takt. Eg måtte stundom vri meg til
sides for å gispa etter luft. Tunga leika vilt mellom hudfoldar og inni
opningen hennar. Ho byrja grynte godlåtar og ropte ut opphissande ord og
grove uttrykk.

Nedantil på meg var det og full fart. June var oppteken med å suga på staken
medan ho masserte rota med ei hand og leika med kulene med den andre. Det
lange, mørke håret hennar kila så utruleg godt kring kjønnet mitt, slik det
dansa rundt når ho lyfte hovudet opp og ned i stadig aukande takt. Leppene
hennar stramma seg så tett inntil skinnet på skaftet, og tunga hennar rulla
rundt omkring på hovudet og langs sidene på pinnen. Eg kjende spenninga
byrja byggja seg opp til sjeldne høgder, idet ho nesten slukte heile kjønnet
og eg merka drøvel og gane røra ved tuppen på han. Musklane i underlivet
måtte strammast skikkeleg for å halde på dråpane ei stund til, så himmelsk
godt som dette kjendest. Handa som før hadde eit fast grep om foten av
stanga, gleid sakte ned mellom spente rumpeballar. Langfingeren hennar byrja
sirkla kring anus og stimulera lukkemuskelen. I stadig minkande runder til
tuppen fann senteret. Ho auka trykket og bora fingeren inn i brunholet i
heile si lengde. No var det umogeleg å halda attende noko som helst. Lunta
var i ferd med å brenna ned, og eksplosjonen var uunngåeleg. Alle musklane i
heile kroppen spente seg til brestepunktet i eit rykk som sendte mjølken opp
gjennom leiaren i rakettfart. Nett som den kroppsvarme, seige væska skaut
seg inn i munnen til June, dusja Jannike andletet mitt i ein kraftig
ejakulasjon med saftene sine. Væta strøymde på i rikt monn då utløysinga
sleit vilt og ustyrleg i kroppen hennar og høglydte verbale utbrot
understreka toppen av nyting!

Jannike reiste seg og letta skrittet sitt litt opp frå meg. Eg fekk utsikt
nedover brystet mot magen der June sleikte i seg dei siste dråpane som
strøymde ut. "No er det min tur" hiksta ho, stilte seg skrevs over
hoftepartiet mitt og senka overkroppen målbevisst ned mot den framleis
struttande lekamen. Med venstrehanda styrte ho spydet i posisjon mot den
gapande, dyvåte raudsprekken i den svarte, triangelforma krattskogen og let
seg spidda til botnen med eit hest gisp. Ho kjendest trong og god slik
skjeden klemde seg saman rundt kuken min som ein sylinder kring eit stempel.
No starta ho motoren og lyfte og senka seg i aukande tempo i eit stendig
villare ritt. Dei faste brysta hennar spratt opp og ned som geleklumpar, og
klaska mot huda hennar som piskeslag. Etter kort tid reiv orgasmiske spasmar
i kroppen hennar og eg kjende kor dei urytmiske samantrekningane i fitta
hennar mjølka pikken min til ny utløysing. Sæden fløymde ut i strie straumar
i den overoppheita grotta hennar. Ho lente seg utmatta framover og vi
møttest alle tre i ei varm omfamning med heite kyss og gispande pust.

Tida er fråverande i slike stunder, ho vert i det heile ubetydeleg. Men
varmen i teltet tyda på at sola hadde steikt på det ei god stund. Dei nakne
kroppane våre var glinsande og våte av sveitte og andre væsker, og lufta var
tett og klam å pusta i. Blikka våre møttest og utan ord forstod vi
kvarandre, einige om kva vi ville. Alle tre krabba mot utgangen samstundes,
og sprengde oss ut i friluft. I fullt firsprang nådde vi vatnet og kasta oss
uti sporenstreks til eit kaldt og forfriskande bad. Vi skremte nok livet av
fjellauren, men kva gjorde vel det?
Det kjølege vatnet kunne ikkje dempa lystene våre, vi ville ha meir. Ljose
Jannike trakk meg inntil seg, la armane kring skuldrene mine og hoppa opp på
meg der vi stod i midjedjupt vatn. Ho slengde føtene rundt hoftene mine,
låste dei under baken og byrja kyssa meg med våt og ertande tunge. June fann
plass tett bak meg og greip tak i junior som voks kjapt av dei runkande
kjærteikna hennar. Straks han var stiv, førte ho manndomen mot musa til
Jannike og putta han resolutt inn. No var det hennar tur til å få besøk. Ho
slapp seg litt ned slik at penisen trengde djupt inn i henne. "Å, du verda
kor herleg det er!" braut ho ut, og byrja småjukka med underlivet. Litt
seinare lente ho seg bakover og bad June komma rundt og halde skuldrene
hennar. Snart flaut ho nesten vektlaus med heilt utstrekt kropp i vassyta,
framleis med reiskapen min inni seg. Eg tok tak om anklane hennar slik ein
held ei trillebår, og drog henne fram og attende i vatnet medan June styrte
overkroppen og masserte melonane hennar med eine handa. Vi fann ei roleg
rytme men med faste og djupe støyt. Kjente vatnet kila huda når det strøymde
forbi, fram og attende - fram og attende. Det vassavkjølte knullet varte
lenge, men temperaturen steig jamt og trutt, og rørslene vart kraftigare.
Jannike fann kitlaren sin med eine handa og leikte med han medan ho
penetrerte lilja til June med peikefingeren og masserte klitorisen varsamt
med tommelen. Sakte men sikkert steig stemninga i sinna våre til nye
eksalteringsnivå. Med det auka både fart og kraftbruk til maksimal styrke,
og vatnet fossa og kvitskumma kring kroppane våre. Nesten samstundes opna vi
munnane og let urskrika velta ut så ekkoet ljoma mellom fjellsidene, og
lekamane våre sokk utmatta og trøytte ned i vatnet!

Dette hende sundag 8. august, utvald som den internasjonale orgasmedagen.
Slett ingen dårleg samantreff. Treng eg seia at det ikkje vart meir fisking
på den turen? Frisk luft, vatn og kjærleik kan ein leva lenge på!"

Forfatter: ChristianusSextus
Stemmer: PositivPositivPositivNegativNegativ

< Tilbake til forrige side     << Fremsiden

   
 
topp-noveller-venstre
sexy-undertoy-venstre
sextoys-venstre
flirt-noveller-left