Dagane som kjem

Denne novellen er vist 16284 ganger.

«Det er ein ting eg gjerne vil seie til deg,» sa han, «før vegane våre skiljast. » Han køyrde ho heim frå avskjedfest. Hans avskjedfest. Ny jobb venta på måndag. Ein vedvarande eufori hadde bore han fram gjennom heile veka. Det gjorde han ingenting å vere edru denne kvelden. Dei andre frå jobben var pussa og skrålande. Nokre av dei lett oversentimentale også, utpå kvelden. Han var berre høgt oppe. Denne kjensla av blanke ark og ein ny start var rus nok i seg sjølv.

«Kjem vi ikkje til å treffast meir, meiner du?» Han måtte nesten smile av kor forskrekka ho høyrdest ut. Av og til, når ho sette opp fjes som dette, verka ho mykje yngre enn sine seksogtjue år. Ung og fager hadde ho starta hos dei. Entusiastisk og brå, utolmodig og med ein energi han berre måtte misunne ho. Det var ikkje alle som takla like godt den noko freidige og brå forma. At ho var ung og spenstig i kroppen, hadde piercing i tunga og rumpe som gjorde seg bra i jeans og miniskjørt, var heller ikkje lett å takle for alle. Men han var sjarmert, og meir enn ein gong hadde han halde ei diskré, vernande hand over ho når ho hadde tirra fram for mykje motvilje. Og ofte vart han lønna for å ha gjort det; ho var dyktig jenta!

«Tja, du veit vel korleis det er,» svara han, «trass det ein seier om å halde kontakten, så blir det gjerne ikkje så mykje av det. Ny jobb og nye kollegaer slukar ein så raskt. Men altså, det eg ville seie var at eg har sett svært stor pris på å bli kjent med deg. Ikkje berre som kollega, men også som menneske. Du har gitt meg energi og… ja, eg har hatt litt hjarte for deg, om du skjønar kva eg meiner. Sjølv om du er femten år yngre har eg lært ein del av deg, av måten du er på… dette vart kanskje litt klumsete og klissete, men eg ville berre at du skulle vite det!» Han smilte skeivt av seg sjølv, prøvde å ta litt brodd av orda. Sentimentalitet hadde no eingong aldri vore ein del av tonen mellom dei. «Tusen takk, det var fint sagt. Eg har sett stor pris på deg også! Eg har no tenkt litt på det, om eg skulle seie noko, spørje korleis du har det og slik. Nyskilt og ny jobb og alt. Huff, håpar eg ikkje pratar for mykje. Meg og øl veit du!» «Hehe, det går fint det. Ein særs trengande mann er no offisielt på veg ut i ukjent landskap,» proklamerte han med patos. «Sjå opp, verden!» Dei flira begge to. Så vart det stille ei stund mellom dei.

Han stoppa bilen framfor huset der ho budde. Ho løyste selen og krumma fingrane om døropnaren. Spente kroppen for å stige ut, men stoppa nølande. Vende andletet mot han. «Det er no litt synd på deg då, kvinnelause og trengande mannen!» Stemma hennes var brått så mjuk og varm, auga ømt blanke. Det søkk i han. Kva seier ho eigentleg, tilbyr ho seg noko? Ho heldt auga sine i hans, også då handa hans strauk ho over kinnet. Og då han vikla fingrane inn i håret, og førde hovudet hennes mot fanget sitt var det ingen motstand å spore. Ivrige fingrar opna buksene, leita fram ein veksande pikk frå trusene. Eit fort lite blikk opp på han før munnen slutta seg om kuken.

«Å ja, slikk meg slik, vakre du!» Han kunne sjølv høyre kor tjukk og skurrande gra stemma hans høyrdest. Men kunne nokon eigentleg laste han for det, når det blotta pikkhovudet hans vart massert av dei vakre kysseleppene hennes, og ei ivrig pierca tunge gjorde det deilegaste ho kunne for å skuve han mot kanten? Han strauk håret hennes til sides så han kunne sjå ho skikkeleg. Kuken våt og glinsande mellom leppene hennes. Han la merke til at ho likte at han heldt ho stramt i håret og gjorde små jukkerørsler med hoftene. Ho vart ekstra ivrig då. Det var ingen veg tilbake for han. Han kasta eit raskt blikk rundt seg før det rykte ukontrollert i hoftene og alt strøymde frå han og inn i munnen hennes. Ho tok imot. Etterpå registrerte han fortumla at han fekk eit raskt kyss på kinnet før ho forsvann mot huset.

Han vart ikkje overraska då sms’ane starta å kome neste ettermiddag. Om kor fæl ho kjente seg. At ho hadde oppført seg som ei tøyte. Kva tenkte han vel om ho no? Samvitet overfor sambuaren var svart, skulle ho seie noko til han? Han prøvde å svare så nøkternt og fornuftig som mogleg. Var ikkje så sikker på om det var ein god ide då ho ringde og sa ho kom over til han.

Då han slapp ho inn kunne han sjå at ho var i ulage. Ho hadde tydeleg grått i bilen. Ho kasta seg i armane hans for trøyst. Snufsa mot bringa hans. Hiksta uforståeleg om at ho var eit ludder som ikkje var verdt noko som helst. Han prøvde å trøyste så best han kunne, finne praktiske løysingar på korleis dei skulle takle dette vidare. Men kvifor kom ho heile tida tilbake til kva han måtte meine om ho? Og til det ho hadde gjort i går? Om kor horeaktig ho hadde sugd han? Det var som om ho insisterte, enda om han forsikra ho om at ho var alt anna enn det. Kvifor hang ho så viljelaust i armane hans, og kvifor slutta aldri brysta hennes å vere pressa mot han? Var det duftande håret nyvaska for han? Kvifor desse Cocker Spaniel-auga som liksom bad om noko han ikkje heilt fekk tak i kva var?

Plutseleg var det som han knekte koden. Kanskje skjøna han ho akkurat då betre enn det ho gjorde sjølv? «Ja, du er ei tøyte,» sa han. «Meiner du det?» Igjen dette forskrekka uttrykket frå gårsdagen. Stemma med ein underleg barnleg klang. Auga store som tinntallerkar. Men ho protesterte ikkje då han gjorde seg streng og starta å kle av ho. Ho var som eit lam på veg til slaktebenken då han la ho over knea sine og gav ho ris som ein uskikkeleg jentunge. Og etterpå denne iveren etter å tilfredsstille. Armene kveila ømt om nakken hans. Auga lukka, mens han let pikken trenge inn i ho og stange ut og inn av fitta hennes for første gong. Slike klynkelydar som ho laga då ho kom! Det var ikkje til å halde ut. Han ropte ikkje, han grynta ukontrollert, då han kom og tømde seg djupt inne i ho.

Etterpå var skamma der igjen. Ho ville nesten ikkje sjå på han mens ho fekk på seg kleda og fór på dør. Likevel kom ho tilbake til han. Stadig tilbake.

«Du berre utnyttar meg!,» sa ho snurt, då han måtte sende ho av garde fordi han venta besøk. Like før hadde han tatt ho bakfrå over armlenet på sofaen. Knulla ho for andre gong den kvelden. Nytt synet av den fitteglinsande pikken som ploga gong på gong inn i grotta hennes. Tidlegare hadde dei pult som hemningslause tenåringskaniner i senga hans. Etterpå hadde han slappa av med ein fotballkamp. Ho hadde svinsa lattermildt rundt berre iført lånt skjorte i babydollstorleik, og servert han øl og smørbrød. Ho hadde vore som ein kjælen katt i armkroken hans.

«Du er ein gris!,» gret ho. «Ein ekkel gammal gris!» Han hadde nettopp vore den første som hadde pult ho i rumpa. Hadde sagt til ho at ho var jomfru og at han ville vere den som tok møydommen hennes. Ho hadde sagt at ho ikkje ville, men let han likevel trenge inn i ho. Spela rolla som motvillig, men tapper jomfru heilt perfekt. «Å, du sprengjer meg!», hadde ho jamra, like før pikken hans stoppa rørslene ut og inn og starta å pumpe seg tom inne i ho. Han gjekk for å ta seg ein dusj. I det han forsvann inn på badet kunne han sjå at ho fingra seg sjølv under dyna. Etterpå angra ho kanskje orda sine, og gjekk på kne for han i dusjen.

«Eg hatar deg!,» ropte ho. Ho var splitter naken i stova hans. Sprikande som ei sjøstjerne med armar og bein bitta til kvar av dei fire beina på den store puffen. Munnen hans var begravd i den vidopne fitta. Under rumpa hennes hadde det danna seg ein stor våt flekk. Ho var i ferd med å kome i ei skakande orgasme. Etterpå runka han pikken og let klattane med sæd falle som gråkvitt regn over brysta hennes.

Kvart besøk følgde om lag same mønster. Når ho kom var det ofte ønske om trøyst og av og til tårer. Seinare når han kledde av ho og let pikken finne vegen inn i kroppen hennes, var det denne underlege blandinga av avskyerklæringar og ivrig tenestevilje. Der var stunder av latter og ømme kjærteikn. Når ho skulle heim var ho oftast stille og litt mutt, sjølv om det hende at ho saug kuken hans i trappa før ho forsvann ut døra.

Vekene gjekk og han høyrde rykte om at ho hadde flytta frå sambuaren. Til han sa ho ingenting om dette. Ho kom oftare no. Ho nekta han aldri noko. Sjølv ikkje då han kviskra i øyret hennes at han ville ho skulle danse seg naken for han. Han låg på senga og runka pikken i seige drag, mens ho let plagga falle for auga hans.

Ein kveld gjekk ho ikkje heim. I staden vart ho liggande på arma hans til natta kom seglande. Ryggen tett mot magen hans. Han hadde handa på hofta hennes og dufta av håret hennes i nasen. «Eg trur kanskje eg er gravid,» kviskra ho ut i mørkret. Han stivna, visste ikkje kva han skulle seie der og då. Visste berre at dagen som kom i morgon ville vere heilt ny.

Legg igjen en kommentar