Ein ny mann

Denne novellen er vist 5936 ganger.

Eg strekkjer meg døsig på pleddet, og nyter kjensla av sola som steiker mot huda. Å, for ein herleg, lat dag. Så godt å kunna få ei sånn helg tidleg på forsommaren, før ferien, med sol og varme som skulle tilsei ein annan månad på kalenderen. Eg nyter lydane av sommaren slik eg hugsar han frå barndomen – måseskrik, bølgjeskvulp, ei snekke som putrar langs fjorden, og heile slekta som boltrar seg på stranda ved hytta. Nett slik, nett denne kjensla var det som fekk meg til å bli glad og lett i heile kroppen den gongen, der eg sprang rundt på stranda i vilter leik med søskenbarna mine, medan me leita etter krabbar og ål i fjæresteinane.
Alt er som det brukte å vera, bortsett frå den manglande lyden av ungar som leikar. Rundt meg ligg berre vaksne folk no, til og med den yngste bror min, attpåklatten som er 14 år yngre, er vorten vaksen. Han er 18 år no, og eg kvekk til kvar gong eg ser på han. Kan det stemma at han er vorten så stor?
Han har med seg bestekameraten frå nabohuset – dei to har hange saman i tjukt og tynt frå dei var eitt år gamle, og leika i lag i sandkassen. Harald – kameraten – var ein skjønn unge, men heilt ufatteleg klønete og rar. Han rota seg opp i tull og tøys heile tida, fekk juling og datt og slo seg. Bror min måtte berga han ut av dei merkelegaste situasjonar. Eg brukte sitja barnevakt for dei medan foreldra våre var borte, og dei to kunne driva ei stakkars tenåringsjente til vanvidd.
Når eg ser på han no kan eg ikkje forstå at det er den same ungen. Han er 1,90 høg, og sjølv om han er tynn har han ein flott, muskuløs unggutkropp som heilt tydeleg trekkjer til seg jentene på skulen. Eg har sett dei heng rundt han i skarar på tre og fire, knisande og tyggegummityggjande, og ventar på at han skal setja dei knallblå augo i dei, medan han gjer eit kjekt kast med den litt for lange luggen. I dag har han fri, og har reist på kamerat-tur med bror min til familiehytta vår.
Eg må visst innsjå at dei neste ungane som skal leika her truleg må koma frå meg – heilt utan å merka det har eg gått hen og blitt vaksen og i rette, produktive alder. Men det orkar eg ikkje tenkja på no, no skal eg nyta dagen. Eg smør meg inn med solkrem, med late, dorske rørsler, og snur meg over på magen. Då ser eg blikket til Harald, som heng ved brystet mitt, der eg nett har smurt solkremen godt inn over bikinitoppen. Han blir flau når eg oppdagar blikket hans, og reiser seg raskt. Saman med bror min går han ut på bryggja for å fiska småfisk – leik frå barndomen det og. Eg let blikket fylgja den flotte gutekroppen der han går spenstig utover på bryggja. Uforskamma flott er han, allereie solbrun, med musklar som kjem tydeleg fram i legger og lår der han går med lette skritt. Alt han har på er ein knallraud badeshorts, og ryggtavla som kneiser over denne shortsen er eit syn for gudar. For ikkje å seia gudinner.
Eg merkar det kriblar intenst i kroppen ved desse tankane, og vert djupt og inderleg sjokkert over meg sjølv. – Alvorleg tala, skjenner eg halvhøgt for meg sjølv. Eg har trass alt skifta bleier på den stumpen eg no ser på med lyst i blikket – det er visst på tide å ta seg kraftig saman og innsjå at eg for slike no berre er eit gamalt skinn. Eg ristar på hovudet, og snur meg att. Når eg ligg på ryggen med augo igjen kan ingen sjå kva eg tenkjer, og draumane mine må eg vel få ha for meg sjølv!
Eg døser i sola, og tida flyg. Snart går sola ned, og fleire av dei andre har gått opp til huset alt. Mobiltelefonen til bror min ringjer – det er mor mi som vil ha hjelp med middagen oppe i huset. Flaks for meg at min var utlada, tenkjer eg slemt, medan bror min pakkar saman sakene sine. – Eg skal berre bada litt til – eg kjem snart etter, seier Harald, i det bror min går. Brått er det berre oss to på stranda, og eg latar som om eg er djupt inne i boka mi. – Ja, eg skal berre lesa dette kapittelet, så kjem eg og hjelper til, lovar eg med lygekryss.
Eg høyrer eit plask i det Harald stuper uti. Han blir borte, og berre nokre luftbobler som stig til overflata viser kvar han forsvann. Eg blir litt uroleg når han er så lenge under, og reiser meg for å sjå. Då dukkar han brått opp heilt inne på grunna, og reiser seg og kjem mot meg. Dropane som perlar og blinkar i ettermiddagssola på den flotte overkroppen er nesten for mykje for ei gamal dame på 32.
For spøk strekkjer han armane ut og spør om eg vil ha ein klem. Han er våt og kald av vatnet, eg er kokvarm både av sola og av tankane mine, og skrik ut i det han legg armane rundt meg og klemmer meg inn i den våte, kalde famnen. Det er eit kjempesjokk både av temperaturskilnad, hudkontakt og plutseleg, intens tenning. Eg blir ståande og skjelva etterpå, og han unnskylder seg. – Det var ikkje meininga… det vart berre så fristande, seier han lett skamfull. Eg ser på han at han heller ikkje er heilt upåverka av den kald-varme klemmen, så eg går bort til han. – Kom skal eg tørka deg, sånn kan du ikkje gå, seier eg, og hentar handduken hans. Han sit på svaberget, og med harde hender frotterer eg den deilege kroppen hans medan eg tenkjer syndige, trassige tankar. Så let eg det harde grepet bli litt lettare, og går over til å massera skuldrene hans medan handduken glir ned på berget. Rørslene mine glir over i lange stryk meir enn massasje, og eg kjenner at huda hans får varmen i seg att.
Eg kan ikkje slutta, men stryk og stryk over den unge gutekroppen. Trass i det våte og kalde stoffet byrjar det å svulma mistenkjeleg nede i shortsen, og eg gliser nøgd for meg sjølv. Harald prøver forgjeves å skjula den veksande ereksjonen med nevane, og mumlar eitt eller anna. Eg let som om eg ikkje høyrer, og let hendene mine bli meir vågale. Dei vandrar fram over brystet hans, medan brysta mine vert klemde mot ryggtavla hans. Han kan ikkje halda tilbake eit lite stønn i det eg let ein finger gli langs linninga på shortsen.
– Du må få av deg denne her, kviskrar eg håst i øyret hans. Han ser på meg med ei blanding av kåtskap og lett panikk, men trekkjer lydig av seg shortsen. Han står der naken frå topp til tå, framleis med nokre salte dropar perlande her og der, og med ein praktfull ståpikk som peikar skrått oppover. Herregud, han er til å eta opp, og det er akkurat det eg har tenkt til å gjera. All fornuft får berre venta der borte ved stien så lenge, for no gjeld ingen reglar meir, bestemmer eg meg for. Og seier det til han.
Han slappar av, og stryk ei nølande hand over det venstre brystet mitt. Brystvortene knoppar seg spontant, og eg hektar fort av meg BH-en. Så går eg til angrep: Eg kysser brystvortene hans, og småbit i dei, til dei er stive og harde som småstein. Så slikkar eg i meg saltet frå sjøvatnet nedover magen, i lysken, nedover innsida av det eine låret, oppover det andre… Pikken hans rykker og stangar i lause lufta, men eg unngår omhyggeleg å koma i direkte kontakt med han – slike unggutar toler gjerne ikkje så mykje tenkjer eg og smiler for meg sjølv. Pusten og stønna frå Harald fortel meg at han set pris på behandlinga. Eg er så kriblande kåt at eg ensar ingenting, dette overgår alle fantasiane eg har hatt heile dagen, og som har trylla den kjedelege storesøstera om til ei krevjande elskarinne.
Bikinitrusa mi er alt dyvåt av saftene mine, og eg trør fort ut av ho. Eg kommanderer Harald til å leggja seg på rygg på handduken, og senkar meg ned på huk over ansiktet hans. – Smak, oppmodar eg, og han let seg ikkje be to gongar. Han let tunga rotera over alt der han kjem til, og eg styrer han ved å bevega underlivet. Over klitten, inn i sprekken, ut og inn, til eg kjenner det byggjer seg opp til ei flodbølgje av dimensjonar. Då set eg meg skrevs over han, og styrer pikken inn i det våte, varme, bankande kjønnet mitt. Gode gud! Eg ser nesten stjerner i det den ivrige pikken finn vegen heilt inn i det aller inste. Hendene hans fangar begge brysta mine, og eg byrjar å ri han forsiktig. Harald slepper frå seg ei blanding av stønn og kviskring: – Dette… kan ikkje vara! Ikkje før har han sagt det før eg kjenner at han reiser seg i boge under meg og pumpar heile ladninga langt, langt inn i meg. Den kjappe og intense utløysinga kastar meg ut i ein orgasme eg aldri har kjent maken til. Eg ristar og skjelv, og rir pikken hans i ein orgasme som må ha vart i eit minutt, sånn kjendest det i alle fall.
Eg kjem til meg sjølv, og ser ned på… ikkje den gutungen eg venta å sjå, men ein ung mann – stolt og full av sjølvkjensle.

Legg igjen en kommentar