Kongssønene og ynskjene

Denne novellen er vist 10521 ganger.

Det var ein gong ein konge som hadde tre søner. Dei to eldste gjekk berre på stas, men den yngste, Oskefisen, måtte gjera det uvandaste arbeidet: stelle hestane og bera vatn til dei. Så ein gong han henta vatn, fekk han ein fisk oppi bøtta.
«Å hjarte vene, slepp meg utav, så kan du få ønske deg kva du vil !» sa fisken.
Ja, Oskefisen gjorde så, og ønskte at han kunne gjera greia si stor eller lita etter som han ville. Så fortalde han dette til brørne sine.
«Å, din store tosk! Kunne du ikkje funne noko betre å ønske deg? sa dei.
Så strauk den eldste ut etter vatn, fanga fisken og ønskte seg pengar. Den mellomste likeså.
Så ville dei to eldste ut å fri til ei kongsdotter, som var så vand på det. Oskefisen ville óg, men fekk ikkje vera med. Men han rusla no etter.
Så kom han til ein gjestgjevarstad, og bad om han kunne få kjøpt mat.
«Ja,» sa jenta, men han måtte vente til dei store herrane som var inne hadde fått. Han fekk så mat. Så gjorde han pilen sin så stor at han slo ho kring livet med han, og spurde kva maten kosta.
«Tsj, det er ikkje noko å snakke om,» sa ho. «Men vil du rive meg over det du er god til, skal du ha han fritt og få denne duken attpå. Den er slik at når du breier han ut, vert han straks fyllt av dei kostelegaste rettar.»
Ja, Oskefisen «betalte» for maten, og takka for duken.
Likeeins gjekk det på neste gjestgjevargarden. Der fekk han ein ølhane som var slik at han aldri traut, for tenesta si. Og også på tredje gjestgjevargarden ville jenta ha same betaling for maten. Ho gav han ei soks attpå, som var slik at når ein klipte med den, kom det dei gildaste klede ut.
Så kom dei då fram til kongsdottera. Brørne hans lo av han. Og dei andre rådde han frå å prøva seg på henne:
«Ho set deg beint på fant-øya,» sa dei.
Og det gjorde ho óg.
Der ute mata han alle dei som var der før frå duken sin. Så da dei kom med mat til dei dagen etter, ville ingen ha. Tenarane over til kongsgarden og fortalde dette.
«Det må vera den vi sist sende over,» sa kongsdottera.
«Nei, han! Nei, han er det ikkje, det må vera ein av dei andre, » sa brørne.
Men så henta dei han, og spurde han. Jau, han synte dei duken. Kongsdottera ville kjøpa duken. Men nei, den var ikkje til salgs. Men fekk han ligge ovapå skinnfellen med ho, skulle ho få han.
Nei, det kunne han slett ikkje, men han kunne få fri og ikkje koma på øya meir.
Nei, det gjekk ikkje. Oskefisen stod på sitt. Var ho redd, kunne ho ha livvakta si inne.
Ja, så vart det slik, og Oskefisen låg kurrende still heile natta. Og neste dag vart han sett over til øya att.
Det gjekk likeeins med ølhanen. Men da ville han ligge under fellen med ho. Og da ho ville kjøpe soksa, var prisen at han skulle ligge beinimellom på ho.
Nei, det kunne han da slett ikkje.
Ja, det var ikkje farleg. Han hadde ikkje noko å fare med. Han synte dei greia, og doktrane sa at den kunne ikkje gjera noko.
Ja, så skulle han få lov til det, da.
Best som han låg, gjorde han den stor og kjørte den inni. Men låg så kurrende still igjen. Så krisla dette, veit du.
«Å, drag eit drag!» sa ho.
Ja, han så gjorde.
«Å, drag eit drag,» sa ho igjen. Nei, han ville ikkje.
«Å, drag eit drag,» sa ho tredje gongen, men han ville ikkje.
«Ja, no har de stått her i to netter,» sa kongsdottera til livvakta. «De kan vera trøtte no, det er best de går og legg dykk. De veit han har ikkje noko å fare med likevel.»
Ja, dei gjekk og var glad til.
«Å, drag eit drag!» sa ho, da dei var åleine. Ja, no var Oskefisen villig.
«Og eit til!» Nei, han ville ikkje.
«Å, drag eit drag til,» bad ho.
Men nei, han ville ikkje. Det hjelpte ikkje kor ho bad.
«Ja, det er det same,» sa ho til slutt. «Vil du rive meg over det du er god til, skal du få både meg og riket og alt eg har!»
Ja, no gjorde han som ho bad om, og så fekk Oskefisen kongsdottera.

AT 580
NE 580 var. 1. Kongssøninne å ynskjenne. NFS M. Moe 3.83f.
Oppskrive av Moltke Moe etter Andres Krosshaugen, Bø i Telemark 1878.

Dette eventyret er hentet fra «Erotiske folkeeventyr», redigert av Oddbjørg Høgseth, utgitt av Universitetsforlaget, Oslo 1998 (ISBN 82-00-22521-6).

Av: Asbjørnsen & Moe

Legg igjen en kommentar