Om eg hadde sagt ja likevel

Denne novellen er vist 6298 ganger.

Eg takka nei til tilbodet ditt. Det var ikkje fordi det var skremmande eller fordi eg trudde du hadde ein einaste annan baktanke enn at du hadde lyst på sex og me to funka bra saman i senga. Eg takka nei fordi eg kjende at eg hadde kjensler for ein annan og eit håp om noko meir med han. Med på det håpet var eit ønske om å vera heilt ærleg med han om alt. Då ville eg ikkje starta med å seia at eg nettopp hadde hoppa til køys med eksen. Men o, så mange gonger eg har forestilt meg at eg takka ja.

Eg kjem ubarbert til deg, og det veit du. Du fører meg inn på soverommet ditt, og me kysser djupt og krevjande mens me kler av meg saman. Du plasserer meg slik du vil ha meg på senga, og så du startar med å barbera meg. Eg ligg kliss naken på senga di og ser deg jobba. Auga dine dansar over kroppen min. Den kjensla av å vera naken mens du er påkledd som trigger noko i meg, ein kombinasjon av sjenanse og ekshibisjonisme. Du markerer at du er ferdig med jobben med å kyssa klitten min lett.

Deretter leier du meg med inn på badet, så eg kan få dusja av meg hårrester og reisesveitte. Du ser på meg mens eg dusjar, og eg høyrer deg sukka mens eg såper inn puppene. I det eg stig ut av dusjen, står du klar med augebind. Du kysser meg intens mens du tek det på meg. Så låser du hendene mine med dine, og brått kjenner eg stålet. Du bind nevene mine saman. Munnen din lukker seg om den venstre brystvorta mi, og du bit lett i ho. Deretter får den høgre same behandling. Fingrane dine vandrer over kroppen min, berøringa di er hard, men deilig. Så kjenner eg pusten din mot øyret mitt. «Ned på kne!»

Eg går ned på kne, og veit kva som venter. Opner munnen. Høyrer lyden av beltet som går opp, glidelåsen ned. Pikken din dunker lett mot munnen min, før du stikk den inn. Eg syg, let tunga leike seg. Høyrer at du nyt, og mellom låra kjenner eg det kribler av forventning over at eg skal få kjenna deg inni meg igjen. Brått trekk du deg ut. Eg høyrer du dreg opp buksene igjen. Du dreg meg opp, leder meg inn på soverommet att. Eg naken, du påkledd.

Du løysner håndjernene. Ber meg trekke bakover. Så legg du deg oppå meg, kysser djupt og inderleg. Tek tak i armane mine, og eg høyrer kva som er i ferd med å skje. Høyrer lenkene under senga. Ein etter ein låser du hendene mine fast.

Så tek du til å kyssa meg igjen. Først djupe munnkyss, så beveger du deg nedover. Halsen, brysta, magen. Eg kjenner spenniga stig i meg. Du let fingrane dine gli inn i meg, inn og ut, inn og ut. Så, brått, er det over.

Du sprer beina mine, låser dei fast i kvar sin bøyle. Det varme pusten din mot kjønnet mitt. Tunga finn klitten, og innimellom flytter du tunga også nedover. Eg skyt rygg, og klemmer rundt lakenet med to armar som ikkje kjem annan stad. Fingrane dine går brått inn i meg igjen, samstundes som tunga ikkje gir seg. Det er så godt, så godt, eg stønner i velbehag, for eg er så nær, så nær… Då stopper du heilt opp. Eg høyrer at du har gått ut av senga, eg høyrer at du kler av deg. Så går du ut, lar meg ligge der i senga, bunden og sprikande.

Det går nokre minutt. Eg ligg og lyttar etter lyder som kan tyde på kva du held på med, men går ingen hint. Så kjem du tilbake. Og det er som om du har skifta gir. Du byrjer kjærteikna meg på innsida av anklane, og oppover begge beina. Du stryk dei parallelt og med fjørlette berøringar. I det du nærmar deg kjønnet mitt, hoppar du over det, og fortset oppover. Eg skyv bekkenet fram, for å visa deg kva eg vil, men du fortset berre på fingervandringa di. Du mssserer brystene mine, og no er munnen din der igjen. Du syg hardt på knoppane, bit forsiktig. Eg stønner i velbehag, og skyv bekkenet rytmisk att og fram, vil du skal forstå kor eg vil ha deg.

Du legg deg inntil meg. Kuken din kviler mot låret mitt, og eg kjenner kor heiltent du er. Fingrane dansar over mage og bryst. Pusten din mot øyret mitt. «Kva vil du ha i fitta først?», spør du kviskrande. «Tunga min eller pikken?». «Tunga!», stønner eg tilbake. «Håpte du ville seia det», svarer du, «for då må munnen din oppbevara pikken min i mellomtida». Sekunder etterpå ligg du oppå meg, med tunga mellom beina mine. Kuken din går inn og ut av munnen min, men fordi eg ikkje har armane fri, og fordi dine hender er mest opptekne av å leika seg inni kjønnet mitt, får eg ikkje heilt taket. Eg stønner og stønner i velbehag, og det er så deilig at det nesten er vondt. Eg kjem som ein foss.

Du løysner beina mine, og eg forstår at det er for at du lettare skal koma til. Sekunder etterpå er pikken din inni meg. Rytmen er vill, rå, deilig. Eg har ikkje landa, og fortsetter bare å fossa. Så låser eg deg fast med hoftene, tvinger deg til å sleppa sæden laus inni meg. Utslitt og dryppande sveitt legg du deg oppå meg. Puster tungt mot halsen min ei stund. Løysner augebindet, kysser meg djupt og intenst. «Eg hadde tenkt eg skulle koma i munnen din», seier du, etter ei stund. «Eg skulle sjå cummen dansa ut av munnen din og ned på brysta dine, sjå deg slikke restane. Så før eg låser armane dine opp, vil eg du skal slikka kuken min rein for saftene våre». «Det er greitt», svarer eg, og begge veit me at i den augneblinken du rekner kuken din for å vera så rein at du slepp meg fri, kjem eg til å binda deg fast, og la deg byrja med at eg rid ansiktet ditt til eg bare ikkje kan styra meg frå å kjenna pikken din djupt inni meg.