Ein god kollega… på mange måter

Denne novellen er vist 14643 ganger.

Det var ettermiddag, snart kveld, og eg var lei. Eg hadde vore på kontoret
sidan litt over åtte, og no var klokka snart seks. Men som nytilsett og
rutinelaus førsteamanuensis, tok arbeidet tid. Dagane vart sjeldan kortare
enn tolv timar, og ofte var det i tillegg ein lang arbeidsdag spreidd på
laurdag og sundag.

Før på dagen hadde det vore varmt, men varmen sat godt i betongbygget enno.
Eg hadde ingen planar om å ta på meg strømpebuksa som hadde forsvunne etter
lunsj. Heller ikkje trusa hadde eg tenkt å ta på meg.

Eg hadde ikkje tenkt meg om. Kjolen min sat tett over rumpa, så eg kunne
eigentleg berre ha stringtruse. Så eg hadde tatt ein string som var fin, og
gløymt at den var ubehageleg å sitje på arbeid med. Så då sat eg her, med to
plagg på kroppen, BH og kjole, og fekk ikkje noko til.

Eg hadde jobba bra før på dagen, men no var det jamt slutt, og til alt
overmål hadde musikken på datamaskina forsvunne i løpet av dagen. Eg kjeda
meg, var utan musikk, og var lei. Eg måtte surfe litt på nettet.

Medan eg las Eva Mohn si sex-spalte på adressa.no, strauk eg meg over låra.
Eg kjende at det sitra. Ofte hjelpte det med litt eigenkos mot stopp i
skrivinga. Og det verka denne gangen også. Eg kom meg vidare i teksten som
studentane mine skulle ha neste morgon, og i åtte-tida hadde eg berre att å
leggje den ut på det digitale klasserommet. Men eg fekk det ikkje til. Eg
måtte på leiting etter hjelp.

Nokre få kontor lenger borte i gangen stod nøklane i. Jan var til stades. Eg
likte han. Kroppen hans, humoren hans, dei faglege kvalitetane,
sjenerøsiteten. Han sat på kontoret sitt med oppkneppa skjorte, vid shorts,
og med vilje til å "gjere alt for ei vakker kvinne, til og med når det gjeld
data", som han sa.

Han sette seg på kanten av skrivebordet mitt, og viste meg stegvis kva eg
skulle gjere. Mens han venta på at eg var klar for neste trinn, såg eg at
han såg på meg. Hendene mine, puppane, rumpa. Eg likte det. Då tekstene mine
var på plass i det digitale klasserommet, lurte eg på om han visste råd for
tause datamaskiner, og forklarte at cd-lyden hadde forsvunne i løpet av
dagen.

Han var ingen rev på data, som han sa, men litt måtte han gjere for at "ei
vakker kvinne" framleis skulle tru at han var brukande til noko. Han ba meg
rulle stolen litt attende, slik at han kom til. I det eg rulla bakover
kjende eg lukta av kjønn. Restane av fingerkosen min hadde blanda seg med
sveitte og konsekvensen av blikka til Jan. Lukta var ikkje sur, berre stram.

Eg veit ikkje om Jan sensa lukta. Men det eg veit, er at i det han kraup
fram etter ein ekspedisjonen ned til leidningane på golvet, så såg han rett
inn i ei våt mus. Eg hadde ikkje tenkt meg om, og i det eg hadde sendt ned
ei leidning bak skrivebordet hadde kjolen krype litt opp, og i det eg trekte
meg attende frå skrivebordet, hadde den hengt litt fast i tastaturet. Eg
hadde praktisk talt kjolen rundt livet og ein flott mann på kne framfor meg.

Jan såg først på skrittet mitt, så inn i auga mine. Eg var på veg til å bli
raud, men når eg såg andletet hans stoppa raudninga. Han sa berre "nydeleg,
endå vakrare enn eg kunne tenkje meg".

Midt på eggen, mellom flau og offensiv, la eg meg bakover, skilde knea litt
og svara: Framleis nøgd?

No var det Jan sin tur til å bli mødd. Han var gift, eg visste ikkje om han
visste at eg var gift, men han tok det endå lenger. La handa på venusberget
mitt. Eg la meg bakover i stolen og høyrde: "Du ser bra ut, kjennes bra ut,
luktar bra. Smakar du bra?"

Eg løfta knea mine opp og ut, og Jan tok det for eit ja. Han slikka meg
sakte, først på eine låret, så på andre. Langs ytterkanten på dei ytre
leppene, litt i bakkant, litt lenger innover, og etter kvart anar eg ikkje
kva han gjorde med meg. Eg la meg meir og meir bakover, og gav meg meir og
meir hen. Eg knadde puppane mine, og registrerte på eit tidspunkt at han
hadde fått ein finger inni kvart hol. Eg rann over, ikkje berre i kjønnet,
men også i hovudet.

Spenningane frå dagen kom ut – gjennom eit ufatteleg endorfinbrus. Det kokte
i heile meg. Eg var klar for å svelje Jan med hud og hår. Eg gleid ned på
golvet, klemde rundt han, kyssa han, kjende mine eigne safter renne langs
låret og smakte dei munnen hans. Eg let hendene gli ned langs låra hans. Han
gispa, såg meg i augene og sa: "Denne trur eg at eg må få seinare. Poden
hentar meg halv ni, og då vil eg gjerne vere litt meir normal, både i kleda,
huda og pusten."

Så kyssa han meg, røyste seg, og prøvde å gøyme stanga innfor linninga på
shortsen. Eg skjøna fort kva han meinte med at han burde vere 'normal' når poden kom – og eg gledde meg til å få ta på han igjen…

Legg igjen en kommentar