
Ein Gramofonsjarmør sin Draum0 (0)
Dette vert nok ein heilt vanleg laurdag, tenkte eg når eg gjekk for å spele på kvarteret. Likte aldri å spele der eigentleg. Ingen likte musikken eg spelte, verka det som. Alltid klaging og syting! «Spel Robbie da! Har du noko med Britney eller??» Eg vart gal.
Kvarteret var allereie fult og eg pressa meg fram og opp trappene til «Maos lille røde», ein liten sal i 2. etg. Der hadde eg spelt før og var kjend med rutinene. Rigge opp, spele i nokre timar, ta i mot drit og klager, rigge ned og gå heim. Eg rigga opp og sa til meg sjølv at eg ikkje skulle ta til meg all kritikken over manglande Robbie Williams-plater.
Vel ute i settet var eg i god flyt og slengde ut den eine lekre overgangen etter den andre. Null respons sjølvsagt. Alle på dansegolvet reknar alltid med at ein DJ er som ei datamaskin som aldri gjer feil eller dårlege overgangar, og difor aldri set pris på eit skikkelig stykke kunst. Og denne kvelden var ikkje forskjellig frå andre kveldar på kvarteret.
Det var ikkje gått meir enn toppen to timar før damene byrja å komme med forslag til kva eg burde spele. Eg beit det i meg og nikka og takka alle for innspela. Beklaga sjølvsagt at eg ikkje hadde Britney på vinyl, men at eg straks skulle ringja til USA og skaffa meg eit par kopiar av hennar beste verk.
Etter at den femte dama hadde spurt om anten Robbie eller Britney var det tett før eg pakka saman sekken og gjekk derifrå. Eg var lei. Kvar gong damene kom mot meg trudde eg faktisk at dei ville prate med meg eller noko anna triveleg. Men neida. Alle som ein krevde topp 20.
Eg spelte vidare. Tvinga meg sjølv til å spele Alicia Keys i håp om at dei vart blide. Dei likte det. Damene byrja vrikke og karane på benken byrja sjå litt meir våkne ut. Dette er alltid eit godt teikn når ein jobbar som DJ. Einaste måten ein kan få karar til å danse er å få jentene til å vrikke. Alicia Keys vart ein stor suksess.
Kva no, tenkte eg. Snoop Dogg er alltid bra når det er varmt i rommet og jentene er lettkledde. «Drop it like it’s hot» var neste track. Eg prøvde så godt eg kunne å få til ein overgang. Det vart ikkje noko som likna ein overgang eingong. Men det såg ikkje ut til at det gjorde noko særleg. Jentene ropte på karane sine og ville ha nokon å vrikke rompa inntil.
Etter denne merka eg at stemninga i rommet var endra. Ei jente som ikkje hadde nokon å vrikke rompa inntil såg bort på meg og gav meg tommelen opp. Eg kjente at eg vart glad heilt ned i hjarterota. Ho såg på meg framleis. Eg turde ikkje sjå opp. Kva skal eg spele no? Det vart ein lang låt med Missy Elliot. Satsa på å fange blikket hennar igjen og kanskje få ho til å kome bort? Det var ynskjetenkning sjølvsagt, men verdt eit forsøk!
Låta byrja. Såg ut som dei fleste likte Missy Elliot, og bra var det. Eg tenkte raskt ut ein overgang til ein ny Missy låt. Leita i platene febrilsk etter den rette plata. «Hei!» Hjartet stoppa eit par sekund, verka det som. Der sto ho. For eit smil! Eg vart heilt lam. Klarte ikkje snakka. Ånei, tenkte eg. Skal ho klaga på musikken?
«Eg ville berre sei at du er veldig flink.» Eg fraus. «Eh… takk!», klarte eg akkurat å få fram før ho avbraut meg. «Du må læra meg å mixe sånn ein dag!»
«Det kan eg godt. Men eg er ikkje noko flink då. Kanskje du heller vil snakka med ein annan, som er mykje flinkare?» Kva var det eg dreiv med. Eg ville ikkje at ho skulle snakka med nokon annan enn meg. Eg ville læra ho kunsten å mixe. Eg ville prate med ho, verta kjend med ho. «Åh… men eg likar deg eg.»
«Øh… men det endrar saken,» sa eg med eit falsk smil rundt munnen. «Viss du verkeleg er interessert så kan eg godt læra deg alt eg kan.»
«Alt du kan?» Eg rødma som ein tomat og kjende at hovudet snart sprengde i tusen delar. «Ja, som DJ altså…»
«Åh… ja det og,» sa ho med eit lurt smil. Kunne det verkeleg vera sant? Var det ei vakker jente som sjekka meg opp? Eg trudde sjølvsagt ikkje på det og antok at det var eit veddemål eller ein spøk av eit slag. Kanskje det var eit triks for å få meg til å spela den musikken ho ville at eg skulle spele?
«Eg har sett på deg lenge no. Du er veldig sexy når du mixar.» Eg klarte ikkje få fram eit ord. Berre smilte og nikka. «Skal du ikkje sette på ein ny låt?» Eg hadde ikkje merka at det var heilt stille i lokalet og at alle såg på meg. Eg skunda meg å sette på ei plate. Heldigvis var det Missy eg tok og alle byrja å danse igjen.
Eg snudde meg for å prate meir med jenta, men ho var sjølvsagt borte. Eg såg rundt meg. Ho var ikkje å sjå nokon stader. Det var ein spøk, det måtte ha vore ein spøk. No sto sikkert ein heil jente-gjeng og lo av meg. Ho hadde klart å få meg til å gløyme å setta på ei plate. Gratulerer, og vonar du aldri meir kjem på mine konsertar igjen, tenkte eg for meg sjølv.
Ein time gjekk, to timar gjekk. Ho var rett og slett ikkje å sjå. Då fekk eg altså rett, tenkte eg. Når den tredje timen var gått, kom ein tilsett ved Kvarteret og nikka til meg. Det var teiknet for å runde av. Eg satt som vanleg på ei plate med 80-tals klinemusikk og rekna med at dei fleste skjøna teikninga.
Når låta var ferdig og det ikkje kom meir musikk, byrja alle å trekka ut or lokalet. Eg byrja pakka ned platene og skru av stiftane frå platespelarane. «Hade!» Ein av dei i svart kvartretskjorte ropte etter meg når eg gjekk ut døra. «Hade ja!»
Eg hadde ikkje eingong fått døra igjen før nokon snakka til meg. «Der var du ja. No har eg venta lenge!» Det var ho. Ho sto der og smilte og såg så nydelig vakker ut i lyset frå månen. «Har du venta på meg?», spurde eg i desperasjon etter å få fram noko fornuftig.
«Ja, og no var det på tide du kom. Du skal jo læra meg å vera dj!»
«No?»
«Ja? Har du platespelarar heime hjå deg?» Hjartet hoppa opp i halsen og eg såg sikkert ut som ein regnboge i andletet. «Jau, det har eg. Ville du vera med meg heim kanskje?»
«Ja, takk gjerne det! Bur du langt unna?» «Bur rett rundt hjørnet her. 200 meter kanskje.» «Flott! Skal vi gå?» Vi gjekk mot huset der eg budde. Tusen tankar gjekk gjennom hovudet. Var det ryddig heime? Hadde eg hugsa å rydda vekk «Vi menn»? Kva ville ho eigentleg? Ville ho verkeleg berre læra å mixe?
«Ja, her bur eg,» sa eg med ei skjelvande stemme. «Så fint det var her! Men kvar er platespelarane?» Då ville ho faktisk berre læra å mixe, tenkte eg for meg sjølv. «Her inne.» Eg viste ho musikkrommet. Plater låg strøydd utover bordet. Eg tok ein kjapp rydderunde før eg førte ho bak bordet til platespelarane.
Eg tok fram ei plate med Røyksopp og tenkte eg skulle visa ho korleis ein finn den rette beaten på neste plate. «Poor Leno» over i «Eple» er alltid greit. «Du? Eg bryr meg eigentleg ikkje noko særleg om plater og slikt. Det var berre noko eg sa for å få prate med deg og verta med deg heim.»
Ho la handa si på mi og tok over grepet på «Poor Leno». Ho la den forsiktig tilbake på plass bak meg medan ho pressa kroppen sin mot min. Eg kjende konturane av puppane så altfor godt i brystkassa. Eg lente meg bakover og lot som om eg ikkje kjende noko. Plutselig sto vi veldig tett og såg kvarandre inn i augene.
Ho hadde grønaktige auge. Dei brann seg fast på netthinna mi. Eg klarte ikkje sjå vekk. No miste eg alle negative tankar om meg sjølv. Alt handla om ho no. Det vakre håret hennar, augene, munnen. Før eg fekk samla tankane lente ho seg mot meg, la armane sine på skuldrane mine og lukka augo. Eg og lukka augene og sto heilt stille. Leppene våre møtte kvarandre for første gong. Ho hadde mjuke lepper. Eg kjende at dette var det eg hadde drøymt om heile kvelden.
Plutseleg gjekk det opp for meg kva konsekvensar kyssing med ei sexy jente ofte gjev. Eg trakk meg raskt tilbake og prøvde å flytte meg vekk frå henne. «Det gjer ikkje noko. Du er så søt,» sa ho. Ho lot handa si gli ned frå skuldra mi. Over magen, og ned til buksekanten. Eg kjende at pusten auka. Ho lot handa gli nedanfor beltet. Eg slapp ut sikkert 5 liter med pust i det ho tok tak i pikken min utanpå buksa.
Ho var tydeleg erfaren på slike områder som dette. Ho brukte mjuke røyrsler og smilte så søtt til meg. «Åh… så stiv den er,» sa ho og såg meg rett inn i augene. Eg la handa på hovudet hennar, strauk fingrane gjennom håret og kyssa ho lenge og forsiktig. Eg lot handa mi gli nedover ryggen hennar og ned på rompa. Ho pusta tungt i det handa mi landa på rompa hennar.
«Oh, my herre min jesu-johannes-josef og maria skaper for ei rompe!» Eg klarte ikkje sei noko meir fornuftig enn det. Ho log litt og sa «takk». No vart det brått mykje varmare. Eg pressa ho tett inntil meg slik at ho kjende kor stiv eg var mot hofta hennar. Kyssinga vart meir og meir intens. Tunga kom fram og ho leikte litt med den med si tunge.
«Åh, kjenn kor våt eg er,» sa ho. Eg lot meg ikkje be to gonger og opna forsiktig beltet hennar. Sakte opna eg ein knapp. Ho røska vekk hendene mine og røska opp knappane som om liv det gjaldt. Eg smilte og la fingrane utanpå trusa hennar. Langs kanten og heilt ned til fitta. Ho var våt gjennom trusa. Eg stønna når eg la fingrane på det våte området. Ho stønna og hukte seg saman. Tydeleg at det var godt for henne at eg tok på det området der.
No ville ho også kjenne noko anna enn pikken min gjennom buksa. Ho kneppa opp beltet medan eg drog av meg t-skjorta. Ho drog av meg buksa utan å løysne knappene eingong. Buksa drog med seg boxeren, og slapp ut ein kanonstiv pikk. Ho tok straks tak i den og runka meg sakte nokre gonger. «Åh, så deilig den er,» sa ho medan ho pusta tungt.
Eg drog av ho t-skjorta og løfta ho opp slik at eg fekk kneppa opp bh’en. No sto vi der nakne begge to. Eg tok tak i ho og pressa ho inntil meg. «Eg vil kjenna deg inni meg,» kviskra ho til meg. «Ikkje heilt enno,» sa eg og la ho ned på golvet på ryggen. Ho stønna når ho skjønte kva eg ville.
Eg satt meg på alle fire framfor ho og la beina hennar frå kvarandre. Ho skaut hofta opp som om ho hadde drøymt om dette ho og. Eg la meg flat ned på magen og trekte ho til meg. Ho var så vakker. Ho var så våt at det rann nedover mot rompesprekka. Eg kyssa låret hennar. Lot tunga henge ut og drog den oppover mot fitta. Men eg stoppa rett føre. Kyssa ho på andre låret. Ho låg der og kneip forsiktig på brystvorene sine. Eg såg kor godt det såg ut det som rann ned mot rompesprekka.
Eg sleika raskt heilt nede og opp mot fitta. Ho stønna høgt. Eg tok eine fitteleppa mellom mine lepper og lot tunga leike med kanten hennar. Så den andre. Eg høyrde at ho likte det. Ho likte å verta erta litt. Men eg visste ikkje kor lenge eg kunne halde ut utan å smake skikkelig på ho.
Ho tok tak i hovudet mitt og førte det mot fitta hennar. Eg hadde ikkje hjarte til å pressa imot. Men ho skulle få venta nokre sekund til. Eg vart liggande og berre sjå på ho litt før eg la tunga forsiktig ned på den våte fitta. Ho vreid seg der ho låg. Eg elska smaken av ho. Ho var så utruleg vakker der ho låg og vreid seg. Ho byrja nesten rope og eg skjøna kva som ikkje var langt unna. Eg auka tempoet og slikka nesten berre på klitten no. Det hadde ho ikkje noko imot verka det som.
Ho la ut eit skrik nesten og hauka seg saman. Ho fekk små rykningar og eg skjøna at eg ikkje skulle gjera det meir. Eg stoppa og berre såg på ho. Ho opna augene og smilte til meg. «Det var 1,» sa ho og smilte. Ho satt seg opp og tok tak i pikken min. «NO vil eg kjenna deg inni meg!»
Eg var forsåvidt enig i det. Eg la ho ned att på ryggen og sto på kne framfor ho. Eg lot pikken verta våt av all det våte rundt fitta hennar. Ho var tydeleg klar for å kjenne meg inni ho no. Ho ålte seg nærare meg. Eg la føtene hennar på skuldrane mine og førte pikken sakte inn. Heilt inn i ho. Ho stønna. Ho klorte meg på brystkassa og då skjøna eg at det ikkje akkurat var sakte og kjenslefult ho ville ha det.
Eg trakk meg heilt ut og pressa meg heilt inn igjen. Så heilt ut og inn igjen. Ho stønna. No hadde eg erta både ho og meg nok. Eg la hendene på puppane hennar og lot det gå raskare. Endå raskare. No var eg langt inne i ho. Eg kjende kor ho kneip saman muskulaturen inne i seg. Ho spreidde beina slik at eg kunne legga meg heilt ned til ho. Vi kyssa.
«Ta meg bakfrå,» sa ho inn i øyret mitt. «hardt.» Eg kjente at det ikkje var lenge til eg var i mål, men eg kunne ikkje skuffe jenta. Eg trakk meg ut og fekk snudd ho over på alle fire. Eg la meg over ho og holdt tak i puppane medan eg kyssa ho på nakken. Eg kjende at eg måtte ha ei lita pause for å ikkje kome med ein gong, og det trur eg ho merka.
Ho snudde seg og kyssa meg. Etter litt kjende eg meg klar til å byrja igjen. Eg tok tak i pikken og kjende kor våt den var frå hennar safter. Eg tørka den med eine fingeren. Ho såg dette og tok tak i handa mi og førte fingeren inn i munnen sin. Samstundes førte eg pikken min inn i ho med andre handa. Heilt inn. Eg kjende kor deilig det var å kjenne rompa hennar mot hofta mi.
Eg tok tak i hoftene hennar og kjørte på. «Hardt!», sa ho høgt. Eg pressa ho inntil meg med hendene. «Hardare!», ropte ho nesten. Eg lydde. Snart knulla vi så hardt som eg aldri nokon sinne har knulla før. Eg kjende at det ikkje var lenge til eg kom i mål. «Fortare! Eg kjem!», ropte ho til meg.
Eg lot alt stå til og gjorde som ho sa. Det gjekk ikkje lang tid før eg kjente at eg var veldig nære. Eg slakka litt ned. «Nei, kom inni meg! Kom inni meg!», ropte ho og tok tak i hendene min og la dei på hoftene sine. Det tok ikkje meir enn kanskje 2 minutt før eg eksploderte inne i ho. Det kjendes slik ut i alle fall. Eg spruta mens ho klemte musklane inne i seg. Ho pressa meg tom.
Akkurat i det eg kom, lot ho hovudet sitt falle ned mot golvet og stønna høgare enn nokon gong. Det var tydeleg at ho hadde fått sin andre orgasme i kveld. Eg la meg over ho kyssa ho på ryggen. Vi var begge svette etter økta. Eg la meg ned ved sida av ho og ho snudde seg og la seg på rygg i armkroken min. Der låg vi og berre pusta og såg i taket.
«Eh, eg heiter Ingvild forresten,» sa ho med eit smil om munnen. «Oj, ja… Svein heiter eg.» Og slik sovna vi der på golvet til lyden av snurrande platespelarar utan plater på.