Våginga

Denne novellen er vist 13550 ganger.

Det var ein gong ein mann og tenaren hans var i skogen og hogde. Så kom dei til å drøsa om kona heime i huset, og mannen let om at ho ville koma til å sørgja han svært, vart det så at han no fall ifra. Men guten meinte ho ikkje ville ta det så tungt.
Kvinnfolka var nå såleis, sa han
Jug, sa mannen. Ho ville aldri gløyma det, så mykje kjende han henne, sa han.
Så kom dei til slutt til liks om at dei skulle gjera eit oppsett om det, og våga hundre daler på kor sida.
Mannen skulle lest gjera seg daud og tok kona det da med stor sorg, så skulle guten tapa de hundre daler.
Men brydde ho seg ikkje stort, så skulle mannen tapa de hundre daler til gutten.
Så kraup husbonden inn i ein lang sekk som dei hadde med.
Guten batt for opninga og bar han heim og fartalde kona at det var liket av mannen hennar han kom med. Det hadde kome så svint over ham i skogen, sa han og la sekken på gulvet.
Kona ho både gret og ille let og var reint forskremd av dette.
– Men korleis gjekk det da til, spurde ho, ein gang ho stanna litt på med gråten.
– Ja, det er spørjandes og ikkje seiandes det, sa guten og lest så han ville nødig fortelja det.
Men så lenge tigga ho og bad, at han laut ut med det, kor som var.
Det gjekk således til, sa han, at han og husbonden kom til å antrast over kven som hadde den største karen av dei. Og så borte dei eit hol i eit tre og skulle måla.
– Da eg stakk min inni, så var han så stor at han fylde opp heile holet, men da mannen kom med sin, så fylde han ikkje halve holet ein gong. Så fann me ein kile og sette inni holet, så hole skulle bli smalt nok. Men korleis det då bar seg til, så banka me så hardt at mannen fekk ikkje karen sin ut att. Han sleit og han sleit, men like fast sto han. Til slutt viste me ikkje anna råd, me laut skjera av heile karen på han. Og da blødde det så fælt at mannen døde på eit lite ble. Og no ligg han her i sekken, sa guten.
– Å nei, å nei, sa kona, men ho greit ikkje fullt så mykje som før da ho hadde høyrt dette. Og straks etter tagna ho reint av.
– Men du, sa ho, da ho hadde sete slik eit ble. Eg kjem til å tenkja på det, sa ho, var den så mykje større din?
– Det var ikkje liknament, det, sa guten.
Så sat dei og tagde eit ble att, og så sa kona:
– Eg vei ikkje korleis det er laga i kveld, eg har fått slik ein støkk i meg, at jeg tykkjer det er fælsleg å liggja åleine her i stova med det er lik i huset, sa ho.
Og så lenge slo ho på dette og lirka att og frem, at guten skjønte kva ho ville.
– Ja, men ein ting lyt eg då seia først, sa han. Eg har slik ein lei uvane når eg søv, så eg er redd du ikkje vil ha mykje hugnad av meg i senga, sa han.
– Kva er då det? Spurde ho.
– Jau, eg er så fæl til å sleppa vinden og røykja ut, sa han.
– Å-hå! Trur du ikkje eg er vann med det fra før! Ropte ho. Du skulle berre veta alle dei sure drikkane eg har fått av han der, let ho, og så sprang ho bort og sparka mannen i bakenden så det sokk etter.
Men da var det ikkje lenge før han vakna, han is ekken. Og han gav kjerringa ein surare drikk enn ho hadde fått nokon gong før. Men guten laut få dei hundre dalarne, og no drøste mannen aldri om korleis kona ville sørgja han.

Av: Asbjørnsen & Moe

Legg igjen en kommentar