Blikket

Denne novellen er vist 33270 ganger.

Det er sommar. Skikkeleg sommar. Heitebølgja har jaga det meste av det som kan krype og gå til stranda. Ho finn seg ein liten plass rett ved ein familie med to barn som stort sett held til i vatnet. Ei bok, eit magasin, ei mjuk strandmadrass og mp3 i øyret. Ho er klar for å stenge verda ute og la sola få bake seg brun og mjuk og seig som heimelaga karamell på varm panne. Må smile for seg sjølv av den absurde samanlikninga, men det er slik ho vil kjenne seg.

Det tek litt tid før ho vert det bevisst. At mannen sin vaktsame utkikk etter ungane bak solbrillene også omfattar dvelande sveip over kroppen hennar. Han er kjekk, velbygd og mørk i håret, men likevel! Ønsket om å forsvinne frå verda er så sterkt at ho ikkje eingong klarar å mobilisere irritasjon over skamløysa hans. Ho skrur opp lyden på musikken eit par hakk og prøvar å konsentrere seg om boka.

Men det er for seint. Blikket hans følgjer ho inn i "Kafka på stranden", og gjer at setningane vert færre og færre før ho må sjå opp for å stadfeste at auga hans framleis er der. Heldig at solbrillene mine er så mørke, tenker ho ergeleg for seg sjølv. Kor svak går det an å bli? Det siste ho treng no er eit manneblikk som finn vegen inn til ho. Har ho ikkje møysommeleg bygd seg opp att etter at alt vart vondt? Men her ligg ho altså, og let seg kjærteikne med blikket av ein vilt framand mann med ungar i strandkanten og ei kone ved sida av seg.

Det er så lenge sidan. Kroppen hennar har innsett det hovudet har nekta for. At ho treng nokon som ser ho. Blikket hans får hud og brystvorter til å nuppe seg og skrike etter berøring. I fitta ulmar ein farleg eld som ikkje lar seg stoppe av at ho trykker seg mot strandmadrassen under seg. Ho blir pinleg bevisst på alle rørsler ho gjer. Veit at han ser alt. At han syg til seg bar hud, kvinnerumpe og bryst. Ho ønskjer at ho klarte å bli irritert i staden for tent. Men blikket, som liksom kler av ho dei sparsame tekstilane, skapar i staden ein uimotståeleg puls som bølgjar og bølgjar gjennom ho. Med eit sjokk innser ho at fitta er hoven og blaut, og at ho ligg der og fantaserar om at han gjer ting med ho. At ho gjer ting med han. At badebuksa hans er vekk og at ho har smaken av pikk i munnen. Og handa hans i håret som varsamt, men insisterande sørgjer for at munnen hennar syg han stiv og hard og…

Ho riv seg laus av tankane og reiser seg så brått at mp3-spelaren dinglar etter øyreproppane. Såpass at det skapar eitt og anna blikk, også frå kona hans som elles har overgitt seg heilt til sola. På veg ut i vatnet ser ho at bikinitrusa har ein liten våt flekk der saftene har gjort seg gjeldande. Ho trur nok at ingen har sett det, men innser at ho har tatt på seg den bikinien som eksponerar mest når han blir våt. Vatnet kjølar ned huda, men om ho trudde at pulsen skulle gje seg tek ho feil. Vatnet er som kjærteikn, og ho er var kvar vesle centimeter av den overkjenslege kroppen sin.

Ho konsentrerar seg om å symje med rolege bestemte tak ei lang runde før ho må setje kursen mot land. Håper ein augneblink at han skal vere vekk når ho kjem inn att. I staden kan ho sjå at han følgjer ho vaktsamt med auga då ho stig opp av vatnet. Ho skjøner at han kjem til å sjå dei stive brystvortene gjennom det tynne våte stoffet. Konturane av fitta hennes. Dropane som tildrar over huda. Og så kjennest det med eitt heilt greitt. Ho gir seg over til kjensla som ho har halde vekk så lenge. Kjenner seg som ei gudinne der ho med sjølvbevisste steg skrid over stranda. Merkar i små blaff at det er fleire som ser ho.

Så står ho føre han. Han merkar at det har skjedd noko med ho. Ho tørkar seg dvelande med handduken sin. Gir han eit lite show. Frydar seg over at det plutseleg er han som verkar litt satt ut og sett på. Han fomlar og legg eit magasin i fanget. Skjular han ein ereksjon? Ho legg seg på kne, leitar gjennom sakene sine. Lar han få sjå frå fleire vinklar. Finn solbrillene og litt pengar. Surrar handduken om livet og sender han eit meir enn skjelmsk blikk før ho vandrar opp mot iskiosken.

Der i køa tenker ho på kor godt det skal bli med ein is. Kor lenge er det ikkje sidan ho formulerte "kor godt det skal bli"? Personen bak ho står nærare enn strengt tatt naudsynt. Det er duft av solvarm hud og mann. Det er han. Herregud, no er det meir enn blikk! Dei svaiar og det er hud mot hud fleire gongar. Ismannen må spørje to gongar om kva is ho skal ha.

Ho set seg på ein benk med isen sin. Han støttar seg til ein mur fem meter unna og ser ut som han ser ut over sjøen. Men ho veit at det er ho han ser på. Ho sleikar is. Lar han skjøne at det eigentleg er pikken hans ho sleikar.

Ho går mot skogen. Veit at han vil følgje etter. Han må følgje etter! Inne i skogen er plutseleg stranda berre fjernt surr. Her er kjølig skugge og fuglekvitter. Ho støttar ryggen mot eit tre. Lar han dra av ho trusa. Kjenner handa hans mot fitta. Meir direkte og bestemt enn ho hadde tenkt seg, men det er godt. Han prøvar å kysse ho, men ho byr han berre halsgropa. Dette er ikkje heilt ho, det er litt valdsamt. Men då ein, så to fingrar finn vegen inn i det klissvåte holet hennes, klarer ho ikkje å verje seg. Munnen hans er mot munnen hennes, og det er lepper og pust og kyss som gjer ho ør og deileg svak i beina.

Ho blir overraska over kor grådig ho syg kuken hans. Får ikkje nok av mann, av mannelukt og mannestønn. Pikken er våt og glinsande. Ho har eit mannelem i munnen av kjøt og blod og puls, og ho kjenner seg nesten rusa av verknaden det har på han. Lepper og ei frekk tunge trekk han nådelaust mot kanten. Han klynkar nesten når han med makt må skuve hovudet hennes av pikken. Han var så nær at forsatsen heng som ei tjukk bru mellom leppene hennes og pikkhovudet hans.

Han snur ho rundt på alle fire. Knea på handduken, hendene mot treet. Ho kan kjenne at den stive pikken hans daskar mot innsida av låra som små grøss. Det er vanlegvis ikkje slik ho vil ha det. Ho likar hud og kyss, kropp tett mot kropp, ikkje berre kjønnsorgan i kontakt. Dette er ikkje elskov. Det er parring. Ho skjønar at det må vere slik. Men når kuken trenger seg inn i ho, er det likevel som om heile kroppen hennes blir fylt. Ein brann spreier seg frå fitta og ut i kvar nervecelle. Ho pressar seg bakover mot pikken kvar gong han køyrer den inn i ho. Fitta klamrar seg til lemmet hans kvar gong han trekk seg tilbake for å støyte igjen. Livredd for at han skal slutte. Men han kjem djupt i ho gong på gong. Det er som om det rivnar i ho når det går for ho med dumpe skrik. Alt skjelv. Alt renn. Pikken hans er berre halvstiv når ho gir slipp på den. Han er tømt, ho kan sjå det på heile han. Men ho er fylt.

I vatnet etterpå lurer ho av seg bikinitrusa og lar dønningane få skylle seg rein. Sakte gir fitta slipp på sæden hans. Ho legg seg bakover i vatnet og kjenner at ho flyt som ei kork.

Legg igjen en kommentar