Syndig sommar

Denne novellen er vist 25848 ganger.

Ho er kona si beste venninne. Blikket hans stryk over rumpa hennes der ho ligg på magen og solar seg på stranda litt skrått oppfor han. Noko raudt og heitt dansar ukontrollert mellom tinningane. Raslar som ein heit sommarvind gjennom kroppen. Han tenker seg sjølv mellom dei mjuke låra. Blir overrumpla av det brå suget etter å presse seg mot den runde, stramme kvinnerumpa. Bilda i hovudet er stakkato, flimrande, primitive. Som ein film klipt saman i tilfeldig rekkefølgje.

Dei er på ferie i lag. Han og kona med sine to ungar. Ho med sine tre. Det er sol, sommar og heite dagar på stranda. Når han legg nesa mot skuldra si, kan han kjenne den deilige dufta av solvarm hud. Han kjenner lengten etter å snuse på mjuk kvinnekropp. Etter å stryke, kysse og smake over silkeglatte flater og i opningar som piplar av saft og puls. Pikken er hard og insisterande mot strandmadrassa under han.

Ho har nettopp beklaga seg til kona over at alderen etterkvart set sine spor.
-Ikkje så det er plagsamt, tenker han. Han husker kvelden i går. Raudvinen hadde fått samtalen til å bli intim, og spøken til å sitte laust. Då kona var inne ei stund, hadde han slengt til ho ein tvetydig kommentar og eit frekt blikk. Blikket og kommentaren han fekk tilbake, gjorde brått stemninga mellom dei erotisk og så lada at han følte seg heilt elektrisk. Flørten og det ertande blikket hadde alltid vore der mellom dei, men aldri så uttalt som no. Stemninga løyste på seg når kona kom ut igjen på verandaen, men noko mellom dei var ikkje som før. Då dei skulle legge seg gjekk han forbi den halvopne døra til soverommet hennar, og der sto ho med ryggen mot han berre i ei minimal truse. Noko sa han at ho visste at han gjekk forbi, at ho ikkje sto der slik tilfeldig.

Ein modig liten tanke formar seg i hovudet hans. Temmeleg frekk, men mogleg å kome unna med. Han tek fram mobilen og skriv følgjande melding: SYNEST RUMPA DI ER NYDELEG EG! LIGG HER OG TENKER MEG SJØLV MELLOM LÅRA DINE. HÅPER DU IKKJE OPPFATTAR DENNE MELDINGA SOM SLIBRIG, MEN SOM EI EKTEFØLT OPPMUNTRING 🙂 Han nøler litt, før han trykker på send-knappen.

Ho oppfattar at ho får melding, og strekk seg etter telefonen. Han kjenner ein snev av panikk; kva om ho seier høgt det som står der!? Ho les meldinga og han kan sjå at det rykker litt gjennom ho, at ho liksom tek seg saman for å verke naturleg. Etter ei stund tikkar følgjande melding inn på mobilen hans: FREKKAS! 😉 Han smiler litt letta for seg sjølv, og ser fleire gongar på fantesmilet som følgjer meldinga. Ho er definitivt flørtbar!

Ho veit no at han ser på ho. Ho ligg på magen og nyt sola. Han ser at ho sakte spreier beina og gir han betre innsyn opp mellom låra hennar. Til der bikinitrusa ligg mjukt over det han drøymer om. Vil ho at han skal sjå ho? Det er liten tvil når ho nesten umerkeleg, men likevel tydeleg, løfter rumpa for han. -Den frekke tøsa!, gliser det inne i han. Ein ny bevisstheit spreier seg som ein feber i kroppen hans: Dette er meir enn flørt! Dette kan gå lengre enn han har trudd. Kanskje så langt som han er villig til å gå? Kva våger han?

Han må vite meir: DI FREKKE TØS! 😉 NO ER DU IKKJE TRYGG FOR NOKO FRÅ MI SI SIDE! 😉 Svaret kjem nesten prompte: VI FREKKE TØSER ER IKKJE LETTSKREMTE! 😉 Ny melding: EG ER EIN SVÆRT SKITTEN GRIS. SKITNARE ENN DU KAN FORESTILLE DEG! PASS DEG! Det hugg i mage og underliv når svaret kjem: DET ER IKKJE SIKKERT DET ER SKITTENT NOK. Han blir liggande å fundere på dette noko kryptiske svaret. Bestemmer seg for at det både er ei utfordring og ein invitasjon. Tenker at når ho svarar slik, så m han legge lista høgt. Noko seier han at i dette tilfellet er det betre å legge lista for høgt enn for lågt!

Seint på ettermiddagen går heile gjengen frå stranda til huset dei leiger. Ungane leikar seg utanfor mens dei vaksne startar på middagen. Tonen er lett under matlaginga. Kvar gong dei dultar borti kvarandre slår det gneistar. Han håper kona ikkje merkar noko. Maten blir sett i omnen, og skal stå der å godgjere seg ein liten time. Kona seier at ho stikk ein rask tur på butikken. Ho seier at ho tek seg ein rask dusj før middagen.

Han går opp på soverommet i andre etasje. Ser ut av vindauget på borna som leikar. Det er uro og spenning i heile kroppen. Bilda frå stranda flimrar gjennom hovudet. Han kjenner ereksjonen som ein hard, uforløyst knute i shortsen. Han høyrer at ho avsluttar dusjen. At ho kjem opp trappa og går inn på sitt eige soverom. Han ventar litt. Går ut i gangen. Ser at døra inn til soverommet er open. Ho står på kne på senga og leitar gjennom nokre klede. Han skjønar at ho veit at han ser på ho sjølv om ho står med rumpa til han. Trusa er like minimal som i går.

Han står stille litt. Så stig han inn i rommet. Skjønar at no tek han steg inn i det ukjente. Ho snur seg ikkje når han kjem heilt opp til ho, men heile kroppshaldninga viser at ho er klar over han. Handa hans stryk over den mjuke rumpa. Ho seier ingenting, er heilt passiv. Gir han ingen signal om kva ho tenker eller vil. Han tenker på meldingane dei sendte tidlegare. Skjøner at her må han våge. Våge å leve ut det pornografiske, det skitne, det som berre handlar om lyst og rått begjær. Ho set nok grenser om han går for langt.

Han trekk trusa nedover låra hennes. Ute kan dei høyre ungane som leikar.
-Ikkje kom inn i meg no!, seier ho. Det er ikkje tid.
Han skjønar at ho har rett. Ber ho derfor berre om at ho legg handa mot fitta og opner slik at han får sjå. Ho gjer som han seier. Kjønnet er fuktig og svulmande. Han tek fram pikken og runkar den med mjuke tak. Snart sprutar klattar av sæd utover rumpa og ryggen hennes. Ho har enno ikkje sett på han. Legg seg berre framover på senga når han har spruta ferdig. I det han går ut døra kan han sjå at fingrane hennes er djupt begravd i fitta. Han lukker døra og går ned.

Kona er nettopp komen inn døra, og saman ber dei maten ut på verandaen. Snart har dei fått samla alle ungar rundt bordet, og ho kjem sist i ein kort sommarkjole.
-Har du fått ordna deg, spør han. Smiler.
-Måtte gjere noko fingerarbeid som forseinka meg, svarer ho, og gliser frekt til han når dei andre ikkje ser.
-Gjekk det bra?
-Det gjekk veldig greitt når eg fekk sett i gang!

Maten smakar sommar og dei vaksne kosar seg med eit glas vin til maten. Ungane blir fort ferdig, og får gå frå bordet. Dei tek seg eit glas vin til. Drikk sakte. Nyt den varme kveldslufta. Han hentar litt sjokolade til dei. Når han legg sjokoladen på bordet ser han at ein av ungane har mist ein peng på golvet. Bøyer seg under bordet for å plukke den opp. Det er då ho gjer ein «basic instinct». Elegant, og mykje saktare enn Sharon Stone, skifter ho stilling i stolen og gir han fritt innsyn til ei naken, nesten glattbarbert mus. Blodet rasar gjennom kroppen hans. Ho er ikkje riktig sann! Når han set seg opp kan han sjå at det ulmar fandenivoldsk i auga hennar. Han ser på ho med eit blikk som han håper fortel ho at ho skal få som fortent. Ho puttar mjuk sjokolade i munnen, og slikkar seg litt for grundig på fingertuppane.

Det er ikkje før seinare på kvelden han får sjansen. Dei minste ungane har lagt seg, og dei to eldste har trekt seg tilbake til sitt eige rom. Kona er på toalettet. Ho står med vinglaset i handa, lent med albogane på verandarekkverket og ser utover. Han stiller meg ved sida av. Ho seier ingenting. Han snakkar til ho. Legg vekt på at stemma skal vere lidenskapslaus, kvardagsleg. At det skal vere fullstendig sprik mellom det han seier og måten han seier det på. Han fortel ho at ho er hinsides uskikkeleg. At han må gje ho det ho fortener. At han no berre vil ta det han vil ha.

Ho svarar ikkje, men for første gong kan han sjå at ho har mista litt av det sjølvsikre og suverene. Men ho nektar ikkje. Ser berre utover. Han stikk handa utan dikkedarar under kjolen hennes. Tvingar ho til å skreve med beina. To fingrar finn bestemt vegen opp i kanalen hennes. Fitta er berre moderat fuktig, og ikkje heilt klar for dei overraskande fingrane hans. Ho stivnar. Først når han held fingrane stille på plass i skjeden hennes mjuknar kroppen hennes og fitta mot handa hans. Ho blir viljelaus. Eller villig. Han kan kjenne at skjeden likar å ha han inne i seg. Det blir glatt og fitta syg svolten til seg handa som har byrja å gjere mjuke rørsler inn og ut. Dei står slik ei stund. Auga hennar er halvt lukka. Han er litt bekymra for om ho skal miste vinglaset. Inne høyrer dei plutseleg at kona er ferdig. At ho er i stova. Ho stivnar til i panikk. Vil kome seg laus av grepet hans. Han held ho fast. Ventar til kona nesten er ute på verandaen før han slepp taket. Ho har sølt litt vin, og han kan sjå at hjartet hennes hamrar når ho står der og prøver å late som ingenting. Denne gongen er det hans tur til å suge litt for lenge på fingertuppane sine.

Kona er trøytt etter ein lang dag. Vil legge seg. Han seier han vil gå ein liten kveldstur. Ho vil sitje litt på verandaen. Mens han ruslar gjennom den milde sommarnatta, tenker han at det er blitt mørkare no. Eit mjukt mørke som kjem med seinsommaren. Han tenker på kva han driv med. At det er galskap. Men naudsynt galskap, føler han. Det handlar ikkje om kjærleik. Det handlar om rått, uforløyst begjær. Det handlar om lengslar som han har stengt inne lenge. Slik kjennest det i alle fall. Noko som må ut.

Ho sit på verandaen når han kjem. Han kan sjå at ho har venta på han. Han kan lese ei slags fryktsam forventning i ansiktet hennes. Han seier ingenting. Ryddar av det solide verandabordet. Breier eit teppe over bordet. Grip handa hennes. Legg ho på rygg på bordet. Blottar brysta hennes. Spreier beina hennes så fitta ligg open. Armane hennes ligg passivt langs sida. Han stiller seg på kne og slikkar det våte kjønnet hennes. Det glinsar som ein nyopna musling. Han slikkar og slikkar. Ho fløymer. Han slikkar og slikkar. Det startar som ei skjelving nedst i magen hennes. Skrika hennes er berre undertrykte hikst. Saftene hennes er som ei elv mot munnen hans.

Når den intense orgasmen er over legg han seg over ho og kyssar ho. Leggane hennes trekk han inntil seg, og ho svarar svoltent på kyssa hans. Dei kyssar med ein inderlegheit og iver som to nyforelska tenåringar. Det er nesten umogleg å stoppe. Han har nesten gløymt kor herlig det kan vere å kysse. Kysse og kysse. Kjensla av eit anna menneske som vil smake på leppene hans, tvinne tunga si rundt hans. Ha han så nært som det gjeng å kome.

Ei stemme bak i hovudet seier han at dei må gje seg no. At dei har tatt sjansen lenge nok. Han gjer seg fri. Ser på den syndige, sitrande kroppen hennes. Utan eit ord går han inn. Legg seg i senga ved sidan av kona. Ho søv. Han kjenner behovet for å vere inne i eit anna menneske. Tøme seg i nokon som tek imot. Tenker at det var ein gong då han ville lagt seg inn til den sovande kvinna ved sidan av seg. Pressa ein ivrig pikk mot den søvnige kroppen. Kjent korleis ho gradvis vakna til liv og tok imot han. Slik var det ofte før. Slik er det ikkje lenger. Omsider sovnar han.

Når morgonen kjem er ereksjonen som ein murrande smerte i underlivet. Han prøver å sove litt til, men smerta i sjela er verre enn smerta i underlivet. Han registrerer at kona går ned for å starte på frukosten. Dei yngste ungane er sjølvsagt i full aktivitet utanfor. Han reiser seg. Går til døra hennes. Opnar. Ho ser på han når han kjem inn. Han drar av ho dyna. Ho er naken under. Han dreg av seg trusa. Han grip håret hennes. Styrer munnen hennes mot pikken sin. Ho syg. Han knullar munnen hennes. Hoftene hans lever sitt eige liv. Det går for han etter kort tid. Han sprutar meir enn han nokon gong har spruta. Fyller munnen hennes. Ho har sæd i håret, i ansiktet, på brysta. Han føler det som om heile ryggmargen har slått følge med sædspruten ut av den pulserande kuken. Likevel blir han ikkje mjuk. Likevel er det ikkje nok. Han legg seg over ho. Trenger inn. Ho protesterar ikkje. Kanskje skjønar ho at han ikkje er til å stoppe? Pikken hans stangar og stangar inne i fitta hennes. Har nesten ikkje tid til å trekke seg tilbake før den stangar seg inn i ho igjen. Blikket hennes får det litt fjerne uttrykket som jenter ofte får når dei er i ferd med å kome. Munnen er halvopen. Sæden hans er blitt blank og rennande i ansiktet hennes. Ho er vakker. Skitten. Sexy. Han høyrer stega i trappa. Høyrer at ho lagar høglytte klynkelydar som ingen kan ta feil av. Skjønar at alt snart er slutt. Det går for han med eit rop som berre han kan høyre.

Legg igjen en kommentar